Nytt opent datasett: Konferansedata

Helsedirektoratet tilbyr no eit nytt datasett med opne offentlege data for Helsekonferansen 2013.

helsekonf_smallHelsekonferansen går av stabelen den 7. og 8. mai. Konferansen blir arrangert av Helse- og omsorgsdepartementet i samarbeid med Helsedirektoratet. Dette er helseministerens årlege konferanse, og ein viktig møteplass for helseleiarar, fagpersonar, brukarar, politikarar og andre som er opptekne av helse- og omsorgstenestene. Informasjon om konferansen finn ein på helsekonferansen.no.

Arrangøren har ønskt å gjere programmet lett tilgjengeleg for både deltakarar og andre. I staden for sjølv å lage ein mobil-app for vising av programmet, inviterer Helsedirektoratet no utviklarane i landet til å gjere dette. I den samanhengen gjer data.helseNoreg.no. eit datasett med konferansedata tilgjengeleg. Dette datasettet inneheld all nødvendig informasjon om Helsekonferansen, men vil i tida framover også innehalde informasjon om andre kurs og konferansar som Helsedirektoratet er ansvarleg for.

Datasettet mogeleggjer også publisering av lekkjer til presentasjonar som blir haldne under konferansane som er registrert, samt lekkjer til eventuelle video- eller lydopptak. Dette tyder at løysingar som blir utvikla med utgangspunkt i datasettet også vil ha verdi etter at konferansane er ferdige.

Den som utviklar og publiserer mobil-apper eller relevante løysingar som konferansedeltakarar kan nytte seg av under Helsekonferansen, kan melde dette inn til Helsedirektoratet på e-postadresse opnedata@helsedir.no. Dette inneber følgjande:

  • App’ein blir presentert som ein av kanskje fleire konferanseapp’er på heimesidene til helsekonferansen , samt i den praktiske informasjonsformidlinga undervegs
  • Etter konferansen lagar vi ei nyheit på nettsida til helsekonferansen som syner den app-en som blei lasta ned mest under konferansen.

Datasettet som blir gjort tilgjengeleg er førebudd for at også andre aktørar kan melde inn informasjon om sine konferansar innanfor helseområdet.

Dokumentasjon av datasettet finn du her:

Artikkelen er skrevet av Helge T Blindheim

Emneord: | | | |